PPT i grunnskolen

Mandat

«Kvar kommune og kvar fylkeskommune skal ha ei pedagogisk-psykologisk teneste. Den pedagogisk-psykologiske tenesta i ein kommune kan organiserast i samarbeid med andre kommunar eller med fylkeskommunen.

Tenesta skal hjelpe skolen i arbeidet med kompetanseutvikling og organisasjonsutvikling for å leggje opplæringa betre til rette for elevar med særlege behov. Den pedagogisk-psykologiske tenesta skal sørgje for at det blir utarbeidd sakkunnig vurdering der lova krev det. Departementet kan gi forskrifter om dei andre oppgåvene til tenesta.»

(Opplæringsloven § 5-6)

 

Link til opplæringsloven

Link til veileder spesialundervisning

 

Overgangsrutiner

PPT er sakkyndig instans som utreder elever. Sakkyndig vurdering etter endt utredning sier noe om utfallet i forhold til tilrådning av spesialundervisning. Hvis konklusjonen blir at eleven ikke har behov for spesialundervisning, avsluttes saken fra vår side. Ved tilrådning blir saken stående åpen hos PPT.

Ved overganger til nytt trinn; 5. trinn og 8.trinn, kreves det ny sakkyndig vurdering.

Ved overgang til videregående skole avsluttes saken fra PPT sin side. Elever med store og omfattende behov overføres uten avslutning.

Link til regler for fritak for vurdering med karakter for elever med individuell opplæringsplan

 

Fritak for vurdering med karakter i skriftlig sidemål

«§ 3-22.Fritak frå vurdering med karakter i skriftleg sidemål

Elevar som har hatt rett til særskild språkopplæring på 8., 9. eller 10. årstrinn i grunnskolen eller på Vg1, Vg2 eller Vg3 i vidaregåande opplæring, kan få fritak frå vurdering med karakter i skriftleg sidemål. Det same gjeld elevar som på 8., 9. eller 10. årstrinn i grunnskolen eller på Vg1, Vg2 eller Vg3 har mottatt opplæring på internasjonale skolar og utanlandske skolar etter læreplanen i grunnleggjande norsk for språklege minoritetar eller annan jamgod plan.

Når ein elev i grunnskolen og vidaregåande opplæring får opplæring etter individuell opplæringsplan, avgjer foreldra eller eleven om eleven skal ha vurdering med karakter i skriftleg sidemål. Valretten gjeld berre dersom enkeltvedtaket om spesialundervisning omfattar skriftleg sidemål.

Elevar i heile grunnopplæringa, tidlegare elevar og privatistar i vidaregåande opplæring har også rett til fritak frå vurdering med karakter i skriftleg sidemål dersom dei:

a)        på grunn av sjukdom, skade eller dysfunksjon som er diagnostisert av ein sakkunnig, har problem med å greie begge målformene

b)        ikkje har gjennomgått ungdomstrinnet i norsk grunnskole

c)         fylte vilkåra for fritak frå opplæring eller vurdering i skriftleg sidemål i grunnskolen, men på grunn av dokumentert saksbehandlingsfeil likevel ikkje fekk fritak.

Berre den skolen eller fylkeskommunen som kan skrive ut vitnemål for den det gjeld, jf. § 3-42, kan gjere enkeltvedtak om fritak frå vurdering i skriftleg sidemål etter denne paragrafen.

Elevar som er fritekne frå vurdering med karakter etter denne paragrafen, skal ha halvårsvurdering og anna undervegsvurdering utan karakter.

Skoleeigaren skal stryke standpunktkarakter eller eksamenskarakter i skriftleg sidemål dersom en elev eller privatist som har fått innvilga fritak frå vurdering med karakter etter denne føresegna, likevel har fått vurdering i skriftleg sidemål.»

 

Om elevane sitt arbeidsmiljø:

Link til Kapittel 9A i Opplæringsloven

Link til informasjon fra Utdanningsdirektoratet om tiltak i skolemiljøsaker

SANKS/SEAD

SANKS tilbyr utredning og behandling for barn, unge og voksne innenfor psykisk helse- og rusvern. SANKS har også nasjonale kompetansetjenestefunksjoner og målet er å bidra til at den samiske befolkningen får et likeverdig tilbud innen psykisk helsevern og rus.

SEAD Samisk spesialpedagogisk tjeneste SEAD kan bistå kommuner og fylkeskommuner med å legge til rette for kvalitativt god opplæring for samiskspråklige barn, unge og voksne med særlige opplæringsbehov, og som etter opplæringsloven har rett til et tilbud på samisk.

Link til samisk spesialpedagogisk støtte

 

Samisk som 1. – 2.språk

«§ 6-2.Samisk opplæring i grunnskolen

I samiske distrikt har alle i grunnskolealder rett til opplæring i og på samisk.

Utanfor samiske distrikt har minst ti elevar i ein kommune som ønskjer opplæring i og på samisk, rett til slik opplæring så lenge det er minst seks elevar igjen i gruppa.

Kommunen kan vedta å leggje opplæring på samisk til ein eller fleire skolar i kommunen.

Kommunen kan gi forskrifter om at alle i grunnskolealder i samiske distrikt skal ha opplæring i samisk.

Utanfor samiske distrikt har samar i grunnskolealder rett til opplæring i samisk. Departementet kan gi forskrifter om alternative former for slik opplæring når opplæringa ikkje kan givast med eigna undervisningspersonale på skolen.

Elevane avgjer sjølv om dei vil ha opplæring i og på samisk frå og med 8. årstrinnet etter første, andre og femte leddet.»

 

Læreplanen:

Link til læreplan - samisk som 1.språk

Link til læreplan - samisk som 2.språk

 

Tegnspråkopplæring  

«§ 2-6.Teiknspråkopplæring i grunnskolen

Elevar som har teiknspråk som førstespråk eller som etter sakkunnig vurdering har behov for slik opplæring, har rett til grunnskoleopplæring i og på teiknspråk. Omfanget av opplæringa i tid og innhaldet i opplæringa fastsetjast i forskrifter etter § 2-2 og § 2-3 i denne lova.

Kommunen kan bestemme at opplæringa i og på teiknspråk skal givast på ein annan stad enn den skolen eleven soknar til.»

Før kommunen gjer vedtak etter første ledd, skal det liggje føre ei sakkunnig vurdering.

 

Særskilt språkopplæring for elever fra språklige minoriteter

«§ 2-8.Særskild språkopplæring for elevar frå språklege minoritetar

Elevar i grunnskolen med anna morsmål enn norsk og samisk har rett til særskild norskopplæring til dei har tilstrekkeleg dugleik i norsk til å følgje den vanlege opplæringa i skolen. Om nødvendig har slike elevar også rett til morsmålsopplæring, tospråkleg fagopplæring eller begge delar.

Morsmålsopplæringa kan leggjast til annan skole enn den eleven til vanleg går ved.

Når morsmålsopplæring og tospråkleg fagopplæring ikkje kan givast av eigna undervisningspersonale, skal kommunen så langt mogleg leggje til rette for anna opplæring tilpassa føresetnadene til elevane.

Kommunen skal kartleggje kva dugleik elevane har i norsk før det blir gjort vedtak om særskild språkopplæring. Slik kartlegging skal også utførast undervegs i opplæringa for elevar som får særskild språkopplæring etter føresegna, som grunnlag for å vurdere om elevane har tilstrekkeleg dugleik i norsk til å følgje den vanlege opplæringa i skolen.

Kommunen kan organisere særskilt opplæringstilbod for nykomne elevar i eigne grupper, klassar eller skolar. Dersom heile eller delar av opplæringa skal skje i slik gruppe, klasse eller skole, må dette fastsetjast i vedtaket om særskild språkopplæring. Vedtak om slik opplæring i særskilt organisert tilbod kan berre gjerast dersom dette er rekna for å vere til beste for eleven. Opplæring i særskilt organisert tilbod kan vare inntil to år. Vedtak kan berre gjerast for eitt år om gongen. I vedtaket kan det for denne perioden gjerast avvik frå læreplanverket for den aktuelle eleven i den utstrekning dette er nødvendig for å vareta eleven sitt behov. Vedtak etter dette leddet krev samtykkje frå elev eller føresette.»

Publisert av Anita Færøy. Sist endret 29.03.2019
Fant du det du lette etter?

Kontakt

Irene Opdal
Fagleder PPT